Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Personvern/GDPR

Informasjonssikkerheit
Austevoll kommune har i samsvar med Personopplysningslova, ansvar for at alle personopplysningar er tilstrekkeleg sikra. Kommunen, ved rådmann, er behandlingsansvarleg for Austevoll kommune si handsaming av personopplysningar. I tilfelle der ansvaret er delegert omfattar det kun oppgåvene og ikke ansvaret. 

Vi sikrar at kun dei som har eit tenestebehov får tilgang til opplysningar for å yte tenesta. Vidare sikrar vi at opplysningar ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som er autorisert til å gjere dette. Vi sikrar at personopplysningane er tilgjengeleg når det er naudsynt for å utøve våre arbeidsoppgåver og for å gje ei best mogleg teneste. 

Omfang
Austevoll kommune nyttar Sak- og arkivsystem som følgjer offentleg NOARK standard.  I tillegg vert det nytta andre fagsystem innanfor t.d helse, omsorg, ppt, barnevern, sosial osv.  Desse systema inneheld personsensitiv informasjon.

Austevoll kommune handsamar følgjande personopplysningar/brukardata:
Personnummer, adresse, stilling, fagforeiningsmedlemskap, telefonnummer, e-post adresse, sivilstatus, born, etnisk opprinnelse, statsborgarskap, kontonummer, løn, helseopplysningar med meir.

Personvern og teieplikt 
Tilsette i Austevoll kommune pliktar å hindre at andre får tilgang til eller kjennskap til personlege opplysningar. Dette gjeld også andre opplysningar som skal haldast hemmeleg av omsyn til personvern. I einskilde saker er teieplikta særleg streng.

Rett til innsyn
Ein kan ta kontakt med kommunen og be om å få vete kva personopplysningar vi har om ein, kva dei skal nyttast til og kvar dei er henta frå. Dette gjeld både elektroniske og manuelle register. 

Ein kan krevje at feil blir retta
I utgangspunktet skal vi etter eigne tiltak rette mangelfulle eller feilaktige opplysningar. Oppdagar personen sjølv at noko er feil – så rettar vi dette snarast når vi får beskjed om dette. Ein kan krevje at unødvendige opplysningar blir sperra eller sletta. Vi slettar eller sperrar opplysningar som ikkje lenger er naudsynt for formålet med registreringa. Dette gjelder ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast i samsvar med anna lovgivning, til dømes rekneskapslova, forvaltningslova, helseregisterlova og arkivlova. 

Austevoll kommune sine internettsider
Austevoll kommune innhentar vanleg besøksstatistikk for sine nettsider. Opplysningane vert kun nytta i samband med drift og vidareutvikling av kommunen sine nettsider.

E‐post og skjema på internett 
Det er sikkerheitsmessige svakheiter ved bruk av e‐post. Austevoll kommune har derfor automatiske rutiner for viruskontroll av e‐post. 

Epostadressa til kommunen kan nyttast til enkle spørsmål og førespurnader. Det same gjeld kommunen si skjemaløysing på internett.
Saker som krev meir grundig sakshandsaming, eller som er arkivverdig i samsvar med arkivlova, vert registrert. Bruk av e‐post og åpne skjema på internett har svakheiter som gjere at opplysningar kan komme på avvege. Fortrulege opplysningar skal difor ikkje sendas med e‐post eller via internettskjema. 

Logging i IKT-systema
Austevoll kommune har tryggleiksloggar i sine fagsystem. Dei tilsette sin bruk av systema vert registrert.
Det rettslege grunnlaget for slike loggar er kravet om loggar i personopplysningsforskrifta og personopplysningslova for å ivareta verksemda si sikring av andre informasjonsverdiar enn personopplysninger.

Vidareformidling
Vi skal ikkje selgje, bytte eller på annan måte vidareformidle informasjon av nokon art om deg til tredjepart uten at du har samtykka til dette.

Personvernombud
Kommunen har ein personverneombud som passar på at vi held oss til lova

Laster...