Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Ansvar for tildeling og ajourhold av brukarrettighetar i WebSak

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

Systemansvarleg har hovudansvar for tildeling og ajourhald av brukarrettar til registrerings- og arkiveringsfunksjonar.

Ajourhald av brukarrettar:

Systemansvarleg har ansvar for at brukarrettane vert ajourhaldne kontinuerleg.

Einingsleiar har ansvar for at systemansvarleg vert informert/varsla om:

  1. tildeling av brukarrettar til nye personar i sak/arkivsystemet
  2. personar som ikkje lenger skal ha brukarrettar i sak/arkivsystemet
  3. endring av ein persons brukarrettar i sak/arkivsystemet

Det kan skje slik:

 ved ny tilsetjing

  1. ved endring i stilling som fører til endra rettar i sak/arkivsystemet
  2. når tilsette sluttar

 Meldinga skal innehalda:

  1. den tilsette sitt fulle namn og stillingstittel
  2. nøyaktig dato for endring av brukarrettar/oppretting av ny bruker/stopp av brukarrettar
  3. Spesifisering av kva tilganger og rettar den tilsette skal ha, eller ev. stopp av tilganger.
  4. Spesifisering av den enkelte sine rollar, ev. klarering for tilgangskodar.
  5. Melding skal sendast pr e-post til postmottak@austevoll.kommune.no

Ajourhald av brukarrettar i sak/arkivsystemet er grunnleggjande for tryggleiken i systemet, t.d for å sikra at sensitiv informasjon ikkje kjem på avvegar. Tildeling av brukarrettar er difor leiaren sitt ansvar.