Arkivplan.no

Arkivplan - Austevoll kommune

Arkivplanen gjer bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i Austevoll kommune. 

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinjene. Arkivplanen skal sikre at Austevoll kommune ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6: Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

 

Formålet med arkivplanen

Arkivplanen er eit kvalitetssystem for arkiv- og dokumentasjonsforvaltninga, og inngår i kommunen sitt internkontrollsystem. 
Målet er at alle som handterer dokument, skal kunne finne informasjon om kva retningslinjer som må følgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet.