Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplan

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap av alle tilsette i Austevoll kommune. Målet er at alle som handterer dokument, skal kunne finne informasjon om kva retningslinjer som må følgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet.

Oppdatering av arkivplanen skal mellom anna skje når:

  • Det skjer endringar i post- og arkivrutinar.
  • Ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel.
  • Det vert teke i bruk ny arkivnøkkel.
  • Ei kommunal eining tek i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon.
  • Kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta.
  • Det vert oppretta eller lagt ned styre eller utval .
  • Det vert gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegasjonsreglement.
  • Kommunale oppgåver vert overført til verksemder utanfor kommunen.

Arkivleiar skal ha melding om alle endringar i kommunen med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei vert sett i verk.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjonen som er i arkivplanen.
Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal arkivleiar kontaktast via e-post: postmottak@austevoll.kommune.no 

Laster...