Utskriftsvennlig versjon

Periodisering og bortsetting

 

Føremålet med periodedeling er å sørge for naudsynt plass til saksmappene i dagleg arkiv, samt å sikre framfinning ved større endring i administrativ organisering, arkivorganisering eller ved skifte av journalsystem. Periodisering er difor ei kontrollert og systematisk overføring av uaktuelle saker frå dagleg arkiv til bortsettingsarkiv. Periodeskille føregår vanlegvis på to måtar - skarpt skille eller skille med overgangsperiode. Dette vil variere mellom dei ulike arkiva og kva som er grunnlag for periodedeling.

Periodisering skal normalt skje ved årsskiftet etter kommuneval. Arkivperiodane skal ikkje vere mindre enn fire år. Dersom det er trong for periodisering utanom dei fastsettetidsperiodane, skal ein vente med ny ordinær periodisering til det har gått minst fire år. Periodisering av sakarkivet skal normalt følgje reglane for overlappingsperiode. Ved periodisering som følgjer av omorganisering som medfører endring av ordningsprinsipp skal kommunen følgje prinsippa for skarpt periodeskilje.

Laster...