Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Arkivtenesta i Austevoll kommune er organisert med eit felles postmottak og sentralarkiv for alle eininger i kommunen. Lokalisert på kommunehuset på Storebø.

Alle arkiv utanom sakarkiv i Austevoll kommune, er i dag kategorisert som papirbaserte, sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemidlar i sakshandsaminga og til arkivering. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldende regelverk.

Sakarkiv er fullelektronisk frå 15.12.2014.

Med tida vert det meir elektronisk sakshandsaming, og fleire av arkiva i Austevoll kommune vert då fullelektroniske. Dei elektronisk produserte  og lagra dokumenta, vert dei originale og gyldige versjonane.

Arkivskaparar i Austevoll kommune:

Følgjande arkivskaparar skal bygge opp og vedlikehalde arkivseriar i kommunen: 

Sentralarkiv/sakarkiv for heile kommunen

Sakarkiv

Eigedomsarkiv

Elevarkiv

Personalarkiv

Møtebøker

Klientarkiv -Pleie og omsorg

Kopibøker

Offentleg journal

Arkiv på avdeling

Barnevernsarkiv

Brukermapper PPT

Klientarkiv Psykisk helse

Helsestasjon / jordmor

Legekontor

Sosialtenesta - klientarkiv

Alle arkivskaparar skal vedlikehalda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen.

Laster...